torsdag, januar 10, 2013

Dagbok 2013: 10.januar

Klokka er snart 14.30. Temperaturen ute er minus 4 grader C. Veret er nydelig, med nesten heilt klår himmel.Men det er svært høg luftfuktigheit, heile 85 %, så det er tvilsomt om dei tørkar, kleda eg hengde ut i går.
I dag før middag støvsuga eg og vaska til helga. Brukar ofte å gjere det torsdagane, så tek vi oss ein "slyngar" på fredagane. Men i dag fekk vi eit ærend til Volda, og så blei det litt shopping også. Eg kjøpte meg ein genser til halv pris på Møre konfeksjon, plar passe på å sikre meg det.
På heimvegen ville eg ein tur inn på Møbelringen og sjå. Der er liksom "sal", men varene er ikkje så mykje sett ned. Yndlingsstolen til Nils er begynt å bli noko sliten, så eg meinte han måtte finne ein ny som var god å sitte i. Og då MÅTTE det bli Stressless. Var heldige og fann ein med same skinn som i sofagruppa. Eg bad ekspeditøren om å gå inn på data og sjekke, og det stemte. Så no er stolen på plass, med mørkt understell, slik som sofaen. Ny krakk kjøpte vi også. Litt kjedelig, kanskje, med så mykje brunt skinn, men praktisk.
Stolen henta vi på lageret i Hovden Møbelfabrikk, og det er der eg har tatt bildet. Sola kryp lenger nedover fjellsida for kvar dag her på vår side av fjorden.
Fekk nytt Visakort i posten i dag, så eg følte meg så rik.Men no skal vi snart ete ein rimelig middag. Fisken har vi fått heilt gratis, så då får ein "ta igjen på gungarna det som man tapar på karusellen."

2 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt å ha ein skikkeleg godstol. Eg sykla på jobb i dag, men no er det kjøligare.
Eg tok i bruk eit par nye høghæla støvlettar, og då var det greitt å gå minst muleg første dagen. Men dei var gode, så eg kunne nok ha gått.

Besta sa...

Her er det kjempeglatt på vegane, men heldigvis sanda mange stader. Eg har kjøpt meg broddar, men kan ikkje ha dei på shoppingturar.

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...