tirsdag, desember 25, 2012

Vêrmelding 25.12. 2012

Klokka er ca 18.30. Temperaturen er minus 3,5 grader C, og det har vore fint, lettskya vêr i dag også.
Vi stod ikkje altfor tidlig opp, og etter frokost såg vi juledagspreika på TV. Om ein ikkje gjer noko "julete" blir juledag ein vanlig dag når vi går her og rotar, berre vi to.
Eg sette i gang med litt førebuingar til i morgon, laga eit par dessertar mellom anna. Det meste er klart til storinnrykk, så no får eg berre håpe at ikkje nokon blir for sjuke til å kome. Solveig er på veg til å bli betre, men no er ikkje Margrete heilt bra. Får håpe ho vert likar` i morgon. Den "forkjølinga" som eg hadde trur eg var allergi, for i går då eg vart nøydd til å ta ein ekstra allergitablett, forsvann forkjølinga også. Dessutan døde den kvite julestjerna, så eg fekk kaste den ut. Det hjelper kanskje også.
Nils hadde forlete båten litt hastig sist han var ute, så han ville ut og sjå til den før det vart mørkt. Då vart eg med, og vi gikk "en tur på stien". Altfor kort tur, sjølvsagt, men det var kald trekk der ute, sjølv om det berre var minus 4 grader. Og så var ikkje vegen lenger.
Til middag i dag år vi av svineribba igjen, det var lettvint og godt. No har vi drukke kaffi og ete havremakronar. Etter ei god pause på sofaen. Og ute er det bekmørkt, men reint psykisk har det mykje å seie at sola har "snudd".
Ønsker alle fortsatt GOD JUL !
 

3 kommentarer:

Hildegard sa...

13 til middag her i dag. Eg prøver meg på nettbrettet eg fekk av Svein til jul. Utfordrande.

Eidabesta

Hildegard sa...

13 til bords i går, i dag blir det rolegare. Lukke til med middagsselskapet dykkar i dag. Hels alle. GOD JUL!

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...