Denne boka er skriven av mi gamle veninne og kollega Rønnaug Kleiva. Ho kallar boka ein sjølvbiografisk roman. Romanen handlar om Rønnaug som reiser rundt -mest på Balkan. I følge forfattaren sjølv er det mykje i boka som er sant, andre hendingar har ho dikta opp.
Sidan eg kjenner Rønnaug såpass godt kjenner eg att mykje av det ho fortel.
Boka kan lesast som lausrivne korttekstar, noko som Rønnaug ofte skriv. Språket er som vanlig heilt perfekt, her er ikkje eit ord for mykje og ikkje ei dårlig setning. For folk som har problem med å skrive nynorsk, vil eg anbefale å lese Rønnaug sine bøker.
Det er alltid vanskelig å vurdere bøker når ein kjenner forfattaren, men eg kan i alle fall seie at EG likte boka. Eg skal lese boka om att,eit kapittel om gongen, for her er mykje å lese mellom linjene.
2 kommentarer:
Kan eg få låne den?
I morgon om du vil.
Legg inn en kommentar