lørdag, desember 29, 2012
Bok nr. 66 - 2012: Skyggedød
Anne Holt har aldri vore min favoritt, og det er ho ikkje etter denne boka heller.
Ein liten gut dett ned frå ei gardintrapp og misser livet. Faren, som har ord på seg for å vere ein brutal far, vert med ein gong mistenkt.
Boka er litt sånn Agatha Christie-aktig- i det ein skal mistenke både den eine og den andre. Til slutt kjem avsløringa. Det var berre det at eg hadde funne mordaren for lenge, lenge sidan.
Boka er etter mi meining verken spennande eller interessant. Her er for mange ord, for mykje fyllstoff - og i det heile tatt. Eg vil sjølvsagt ikkje fråråde nokon å lese boka, men den fall ikkje i min smak.Slutten er patetisk.
Forfattaren vil sette søkelyset mot vold mot barn, seier ho i etterordet, og det er jo prisverdig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 25.november
Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Eg har nettopp begynt på denne. Så får vi sjå.
Ja, vi har vel kanskje ikkje heilt samme smak, men eg trur du også vil finne denne boka litt kjedelig.
Legg inn en kommentar