lørdag, desember 29, 2012

Vêrmelding 29.12. 2012

Klokka er snart hakv fire og det er åt og mørknar ute. Det er overskya, litt vind og mildt, dvs.ca + 8 grader C. Det var nesten som ein sommardag då vi kom ut i dag, kledd om lag som vi har vore siste månaden.
Vi måtte ein tur nedover i dag også for å sjå folk. var først ein tur innom Amfi, men der var det noko grese mellom kjenningane.Vi ville oppom kaffibaren og ta oss ein kopp, men der var det fullt, som vanlig. Dermed vart det ein liten tur innom fru Svendsen og ein kaffikopp der. Der var det langtfrå fullt, men koselig pynta. Der heng alltid originalkunst på veggane, og bilda blir skifta ut av og til.
Dei har god mat på "Fru Svendsen", men ikkje middag. Vil anbefale folk som er på besøk å sjå innom denne kafeen. I tillegg til rommet de ser bildet frå her, er der også ein salong med tidsriktige møblar.Svendsengarden var i si tid største garden i Vik, med hage som rakk heilt ned til sjøen.
Etterpå gikk vi ned att på Amfi, og no trefte vi masse folk vi kjenner, så det varte og rakk før vi pitla oss heim att.
Her er den kvite orkideen eg kjøpte i går.
 

2 kommentarer:

Hildegard sa...

De er flinke å ta dykk ut. Kjekt å treffe folk i romjula når folk har stressa ned og har tid å prate. I dag har vi vore i det tradisjonelle minestronesuppe-partyet hos Audny. Heile flokken var samla på suppe,kaker og quiz. Litt spleising på kaffimat.

Besta sa...

Høyrest kjekt ut. Ja, vi prøver å komme oss litt ut og sjå folk, er ikkje så "selskapelige" av oss.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...