tirsdag, november 20, 2012

Vêrmelding 20.11. 2012

Klokka er snart 18.00, temperaturen er + 12 grader C. I dag har det vore deilig ver ute, opplett og vind. Eg likar at det blæs somme tider, det er sjeldan med vind her.
Skulle no hatt eit vêrbilde, men dagen var så brått over.
Så no vart dei endelig tørre, kleda som hang på stativet på altanen.Fekk tatt inn kleda og lagt i hop  og hengt opp nye i dag f.m. Det var nesten det einaste eg fekk gjort før eg for til frisøren og fekk stelt håret mitt "til jul". Eg hadde venta i lengste laget, for å sleppe å klippe meg to gonger før høgtida.
Etterpå var vi på handlerunde, eg var til Volda og sikra meg meir lestegarn, denne gongen kjøpte eg Regia Fantastico; det er same garnet som eg kjøpte sist, berre namnet og fargane er nye.Det blir ikkje strikka anna enn lester - før jul i alle fall.
Fiskegratengen eg laga i går kveld, var nok til middag i dag også - og enno er det meir att.
No har eg slappa av med lydboka, og så har eg drukke kaffi. Snart kjem Margrete og hentar fotoapparatet sitt. Og etterpå skal eg stryke ein haug med klede. Eg likar å stryke, då kan eg høyre bok på samme tid.
Var innom biblio også i dag. Fann ei ny Mehlum-bok. Greitt å ha noko lettfattelig på øyret når ein er på tur.

2 kommentarer:

solveig sa...

Den Mehlum-boka kan eg og tenke meg å lese. Dei bruker å vere lettfattelege med god humor!

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt å sjå at du strikkar!

Dagbok 2024: 21.November

                                                                Starevegen i vinterdrakt Klokka er no 17.32, temperaturen ute på trappa er m...