søndag, oktober 21, 2012

Bok nr. 53 -- 2012: En blå kjole fra herr Hitler.



En blå kjole fra herr Hitler
Liv har isolert seg i familiens sommerhus og planlegger å ta livet av seg. Naboen 
Irma er tysk og ferierer hver sommer i Norge. De to blir fortrolige. Begge har de en historie som de aldri har fortalt. Irma var kontordame for Gestapo og har en fortid i Norge under okkupasjonen. Livs historie handler om en kjærlighet hun hadde som barn og om en ung manns svik.
"I romanen «En blå kjole fra herr Hitler» spelar Toril Brekke krigen inn i ein roman på originalt vis, og viser at å fortelje livshistoria si kan føre til så mangt. Årets roman frå Brekke er kort, men med ein fyldig klangbotn." Marta Norheim NRK.

Eg likte godt denne vesle romanen på berre 3 CD-plater. Torill Brekke er historikar og har skrive mange historiske romanar, mellom anna ein trilogi om innvandrear til Nord-Amerika. I desse romanane var historia i framgrunnen og menneska statistar. I "En blå kjole fra herr Hitler" er det annleis. Den gamle tyske dama og den unge jenta har kvar si historie, som delvis blir avdekte i samtalane mellom dei to. Men mykje må ein lese mellom linjene. Det likar eg godt. Eg vil anbefale denne boka. Opplesaren gjer ein god jobb. Her er mykje dialog, og ho klarer å få den tyske dama til å snakke norsk med tysk aksent-utan at det blir irriterande.

2 kommentarer:

Bjørg sa...


Eg skal akkurat til å begynne på Granitt av Toril Brekke. Har lånt ho av Elin si svigermor. Handlinga er visst ein del frå Østfold, trur eg.

Besta sa...

Handlinga i mi bok var også lagt til Østfold. Ho har skrive mange historiske bøker som eg har lese, men Granitt har eg til gode.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...