Denne forfattaren var heilt ukjend for meg, då eg fekk eit tips frå ei tidlegare "studievenninne" som no er biblioteksjef i Ålesund. Ho meiner at Paul Auster er den beste nolevande amerikanske forfattaren.Han er gift med den norskætta forfattaren Siri Hustvedt.
Biblioteket her hadde ingen bøker av han, men skaffa denne frå Ålesund . Bibliotekpersonalet her er utrulig serviceminded. No har eg nettopp lese ut boka, men eg har litt problem med å skrive om den.
Men noko kan eg i alle fall seie. For det første kjem eg nokså sikkert til å lese boka om att. For det andre burde eg ha lese den på papir, for det tredje burde eg ha lese den meir i samanheng osv.
Eg vil også sjå filmen "Våre beste år" før eg les boka for andre gong.
Den raude tråden i boka er historia om den unge mannen Miles som stikk av heimefrå fordi han ikkje held ut skuldkjensla etter at stebroren omkom i ei bilulykke. Han og stebroren krangla og Miles dytta til han så han datt ut i vegen og vart overkøyrt.
Han rømmer frå New York til Florida der han forelskar seg i den pur unge Pilar.
Etter mange år reiser han tilbake til New York........
Men boka handlar om så mykje. Her er eit heilt lappeteppe av historier om ulike menneske. Her også mange trådar til litteratur, baseball, teater, film og bildekunst. Eg følte meir enn ein gong trong til å lage eit skjema og dra opp linjer for å få det heile på plass.
Boka er ikkje tung eller vanskelig å lese, men litt utfordrande. God bok!
Margrete les boka no, ho kjem nok til å komme med ein betre omtale.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
%5B1%5D.jpg)
1 kommentar:
Margrete var ikkje så veldig begeistra, men eg ville òg gjerne ha kjent til den omtala filmen før eg las boka.
Legg inn en kommentar