I dag har vi vore i gravferda til Trine, som fall ned frå fjellet Kjerringa fredag for ei veke sidan.
Trine har vakse opp her i Starevegen, men var yngre enn våre barn, så ho var ikkje i lag med dei.
Det var som forventa mykje folk i kyrkja, ja, så mange at det ikkje vart plass til alle. Vi som ikkje fekk plass inne i kyrkja, sat nede i kyrkjestova og følgde med på storskjerm. Det var heilt greitt, vi både høyrde og såg heile seremonien. Det var ei fin høgtidsstund, men at ei ung mor døyr frå mann og barn, kan aldri bli anna enn trist. Mange fine ord vart sagt om Trine, og eg er sikker på at ho var slik ho vart framstilt.Noko som eg ikkje har sett før, var at ein skreiv seg inn i kondolanseprotokollen i det ein gjekk inn i kyrka, det var mykje betre enn å ta det på vegen ut.
Bildet på songarket var frå turen der Trine fall ned frå fjellet-den siste dagen ho levde.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:22.juni
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I å...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
3 kommentarer:
Det er ufatteleg trist at noko slikt skal skje.
Frykteleg trist for dei som sit att
Ingen ting er så trist som at unge menneske misser livet ved ulykker.Det er faktisk mange unge som er gravlagde på den nye gravplassen her iØ-
Legg inn en kommentar