Klokka er 21.15. Temperaturen er + 17 grader C og det er lettskya opphaldsvêr.
Etter at vi hadde vore i gravferd i dag, reiste Nils ut med båten, så no er fiskeriet i gang igjen. Han kom heim med to-tre små seiar og rikelig med pir. Stor makrell er det lite av i år. Dei små pirane steiker vi heile og dei er kjempegode. Det får bli i morgon-i dag var det sei. Sola kom fram etter at vi hadde ete, og vi kvilte middag på solsenga -både lenge og vel.
Mens Nils var ute og fiska vaska og støvsuga eg "heile huset" til helga. Deretter skreiv eg referat frå møtet i går, så eg hadde nok å gjere - eg også.
I morgon må vi vel på butikken og proviantere. Har ikkje handla mat sidan vi kom heim att.
Ønsker alle blogglesarane mine ei god helg. Ser ut til at vi får bra ver her hos oss; så lenge det er mildt og opplett er vi fornøgde.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:22.juni
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I å...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
2 kommentarer:
Svein og Hans Petter var også ut på fjorden og fiska eit par bytter med makrell i går kveld.Det nye fiskesnøret "gjer susen", får du helse Nils.
Hans har no fått nytt ekkolodd, så no blir det kjekkare å fiske. Men det er så rart at her ikkje er småsei. Det er no den sorten som brukar å vere mest av. Og den fisken som held seg best i frysaren og som er vintersfisken vår til vanleg.
Legg inn en kommentar