tirsdag, juni 19, 2012

Vërmelding 19. juni - 2012


Klokka er 15.00. Det er delvis skya, og bitte små regnbyger innimellom.Sola er også framme av og til.Men yr.no melde om full sol frå klokka 10.00 i dag, trur sola er litt forsinka, men ho kjem nok.Temperaturen er + 16 grader C.
Før middag var eg "flink". Støvsuga og rydda i huset+ at eg laga ein kakebotn. Så fekk eg Nils med meg å gå tur rundt Storebakken. Eg gikk der i går kveld også, og då stod enno litt av huset i svingen att. I dag var berre kjellarmuren som var der. Det blir jobba intenst med å gjere klar tomtene til dei to firemannsbustadane som skal byggast her. Det er ei stor tomt, over tre mål. Det gamle huset var totalskada av vatn, så det var ikkje mykje å satse på.
No må vi sjå om vi kan finne oss noko å ha til middag. Nils er ute i hagen og forskar på skadedyr. Eg oppdaga at irisen stod i full blomst, så eg må ned og sikre med bilde før dei blomstrar av.Dei fleste stauder har kort levetid. Skulle vore ute og luka litt, men får vente til det er litt tørrare.Likar i grunnen ikkje så godt å luke.....
I dag er det Elin sin fødselsdag. Vi gratulerer og ønsker henne alt godt.

2 kommentarer:

Elin sa...

Iris er nydeleg! Akkurat no er det lupinane som er finast her, dei bryr seg visst ikkje om nordavind. Takk for helsing på gjebussen. Det er vel 5 år sidan siste feiring i lag med far, rart å tenke på.

Besta sa...

Lupinar har vi ikkje i hagen, men langs alle vegar. Kjekt at du har fått veslejenta heim! Og så håper eg du har ein fin dag i dag. Her har vi gjebussar på rekke og rad: 20.juni:Margrete, den 22.Øystein. den 24.Einar, 3.juli er det Solveig, og så blir det ei lang pause. Vi skal til Hareid og feire på sundag.
Ha ein god dag!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...