onsdag, juni 20, 2012

Vêrmelding 20.juni - 2012

Klokka er snart 21.00, det er overskya og regnbyger slik det har vore i heile dag, i alle fall der vi har vore. Temperaturen ute er no +12 grader C.
Vi har vore på rek heile dagen. Tok 11-ferja frå Volda og reiste til Eid, der vi besøkte Bodil og Svein. Fikk deilig lunsj og prata i det vide og det breie om alt mellom himmel og jord. Greidde til slutt å rive oss lause, for å fare på oppdagingsferd. Eg fekk så lyst å sjå gartneriet på Torheim. For dei som ikkje er kjende kan eg fortelle at ein køyrer utover på sørsida av Eidsfjorden og rundt neset. Det var litt lenger enn eg var budd på, og vegen var smal og kronglete. 
Eg har vore der ein gong før, men det er over 30 år sidan. Då vi  kom fram var dei i ferd med å stenge for dagen, så vi kunne ikkje gå der og gløse så altfor lenge. Men hadde vi vore der for 14 dagar sidan, må det ha vore eit enda meir eventyrlig syn enn det var i dag. Dei er vel mest kjende for rhododendronane sine, men mange var avblomstra no.Eg let bilda tale for seg. Dei har elles frukttre, buskar etc, men ikkje staudar og sommarblomster. Eg anbefaler ein tur dit!
På heimvegen var vi innom Margrete, som har fødselsdag i dag.Familien var samlaog vi fekk pizza og marsipankake, så det er ikkje fritt for at vi har fått i oss nok kaloriar -  i dag også.
Det har blitt lite mosjon, elles har dagen vore perfekt. Takk til vertskapet på Eid og på Straumshamn.




 På det siste bildet ser vi inn att til Nordfjordeid.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har aldri vore på Thorheim, men har ei rose som er kjøpt der.

Hildegard sa...

Kjekt at de tok turen til Eid - og tusen takk til Nils for ferdig filitert sei. Vakkert på "Sørsida" i sommar-halvåret, fint å tøffe langs stranda med båt også. Torheim Gartneri må berre opplevast, vakker utsikt mot Gjegnen.