Linefangsten på lit de parade: sei,lyr,hyse,torsk og lange.
Klokka er snart halv seks. Temperaturen ute er + 9 grader C, det er lettskya med litt solgløtt. Ja, det er faktisk opphaldsvêr akkurat no.
Vi var tidlig oppe i dag, for Nils skulle egne linene før han og Hassan skulle ut og sette dei. Dei fiska litt med snøre, men fekk ikkje mykje; berre så vidt Nils og eg hadde småsei til middag. No reiser dei ut att for å drage linene, og så er det spennande om dei får noko. Han egnde med makrell og blekksprut frå frysaren.
Eg har gått og småpusla og rydda og styrt i dag. Hadde tenkt å kontakte legen for å få noko for den vonde halsen, men følte meg bra mens eg var heime åleine og ikkje sa eit ord. Då Nils kom att og eg begynte å prate, var det like gale som før. No ringde det nettopp ei dame som ville ha meg med ein ein spørjeundersøkelse, så då brukte eg halsen som grunn for å nekte.Ser det an til i morgon, då får eg prøve å få noko som hjelper.
Det blei ein liten middagslur i dag sidan vi var så tidlig oppe, og då fekk eg lese nesten ut boka eg held på med.No skal eg ta resten for det var ganske spennande. I morgon må eg sikkert på biblio, for den "Orkidéens hemmelighet" trur eg ikkje at eg orkar å lese.
Elles har eg mora meg over Einar som hadde ein konfrontasjon med politiet i går, og vil gi meg skylda fordi eg har strikka ein genser til han som får han til å likne David Toska.
Hadde kontakt med Rasmus, dei har fått det livlig i huset, etter at Vebjørn har fått seg ein liten elektrisk gitar til bursdagen sin. Der var vel ikkje heilt. stilt før heller. Trommesett har dei frå før.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag
Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Han Nils er jammen flittig fiskar!
Eg strevar litt med bloggen. Det er så rart at det ser annleis ut på Hans si datamaskin enn på mi. Han får alle bileta, Eg får berre nokre inn.Når eg klikkar for å få det større, ser eg at der er blanke bilete.
Ja, ja det kjem seg vel etterkvart som du seier.
Brukar du Google Chrome? Viss du ikkje brukar den lesemotoren , så prøv den.Den berga i alle fall min blogg.
Legg inn en kommentar