søndag, mai 06, 2012

Vêrmelding 6.mai 2012.

Klokka er snart halv sju.Temperaturen er + 3grader, og det regnar. Det er eit framsteg, sidan det snødde tidligare i dag. 
Tankane mine gikk brått tilbake 6.mai 1969 då sonen til bror min vart fødd. Vi budde på Melle den gongen, og den dagen kom sommaren. Ungane sprang rundt i shorts og kasta snøballar som dei laga av dei siste snørestane.Bror min kom og henta meg og ungane, for eg skulle vere husmor mens kona hans låg på sjukehuset. Det var ingen pappaperm den gongen. Det vart nokre fine, men gloheite dagar. Skulle gjerne hatt ein reprise på det maiveret.
I dag var vi relativt tidlig på farten, sidan vi skulle til Kilsfjord kyrkje og oververe konfirmasjonen til Eirik.
Eg likar meg veldig godt i den vesle, lune kyrkja ; også i dag var det ei fin gudsteneste med song og musikkinnslag. Det var ikkje samme presten som på dåpsdagen, men kona hans, som også er prest.
Vi fire besteforeldra reiste heim att etter seremonien, mens konfirmanten med foreldre og søsken reiste til Loen for å ete lunsj og bade på hotell Alexandra.Det gledde dei seg til.
Vi køyrde rundt fjorden på heimvegen, køyrde ikkje gjennom Fyrde men eit lite stykke framover dalen, slik at vi fekk prøve ein av dei nye tunnelane, dei andre er ikkje ferdige.
Etter at vi kom heim att har vi vore late, særlig eg. Eg har lagt på sofaen og lese lydbok, for det meste. Eg er ikkje sjuk, men plagast med restar av forkjølinga, er tungpusta og sår i halsen. Håper eg kjem meg til att til neste konfirmasjon, som er komande laurdag.
I går, då er var på skuddhold av Jan Thomas, hadde eg lagt att fotoapparatet heime. Skulle tru eg hadde lært av den feilen, men også i dag for eg av garde utan kamera. Og eg som knapt går ut døra utan fotoutstyr! Ingeborg og Harald både filma og fotograferte i dag, så eg får vel bilde frå dei.
I dag fyller Lise, kona til søskenbarnet mitt, 60 år, men dei er visst framleis på Kanariøyane.
Stein Inge har også bursdag, og vi gratuler begge to.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...