mandag, mai 28, 2012

Bok nr. 22 - 2012: Øya under havet.

No har eg lese denne boka for andre gong. Då eg las den første gongen, følte eg på at eg ikkje hadde fått skikkelig med meg alt, så alt då bestemte eg meg for å lese den ein gong til. Det har eg gjort, og eg angrar ikkje.
No er eg stort sett begeistra for Allende, ikkje minst fordi ho faktisk kan kunsten å fortelje ei historie. HISTORIA er alltid til stades i romanane hennar som bakgrunn , men også meir enn det. I denne boka fortel ho om  øya Haiti på slutten av 1700-talet og begynnelsen av 1800-talet. Så vi får med oss både Den franske revolusjonen og Napoleonskrigane. Sidan øya på den tida var ein fransk koloni, hadde det som skjedde i Europa ringverknader til øya. På denne bakgrunnen har forfattaren plassert eit rikt persongalleri av svarte, kvite, mulattar m.m. Somme frie og andre slavar. Hovudpersonen er Tété som vi får følgje frå ho er ca 9 år til ho er 40år.
Å fortelje historia hennar verken kan eller vil eg. Det er betre å lese boka sjølv.
Her er mange histriske hendingar, mange personar å halde orden på. Det blir nesten for mykje av det gode. Etter mi meining er boka litt for omfattande, trur forfattaren ville tent på å vere litt meir fokusert. Men eg skal ikkje lære Allende å skrive bøker!!!
For dei som enno ikkje har lese boka, vil eg anbefale å lese litt om boka på førehand. Mykje stoff på nettet.

1 kommentar:

Elin sa...

Allende betyr kvalitet, men kan vere krevande, ja. Har boka i hylla, men er ikkje i lesemodus. Er begynt på Unnskyldningen av Hanne V. holst, prøver å kome over sperra, ho lovar bra. Blei metta ev 1q84, orkar ikkje meir av to månar og små vesen!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...