Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 10 grader C, det er overskya og stort sett opplett. Fint vårver får ein vel nesten seie; godt at det ikkje er nattefrost i alle fall.
Denne dagen har eg ikkje vore så effektiv, men har no fått utretta det eg skulle. Litt husarbeid f.m.;til legen for å få attest for at eg kan køyre bil, på apoteket og på Coop for å handle. Fekk nokre tablettar med legen som skal ta bort siste rest av forkjølinga. Er ikkje sjuk på nokon måte, men føler meg litt "attegrodd" i halsen.
Margrete skulle til Ø. i dag for å hente gardinene sine, og så skulle ho og Nils kike på bil. Der var eit tilbod i Regionavisa som kom sist onsdag, men det varte ikkje lenger........?
Eg for heim og laga blomkålsuppe og karbonadar med løk som vi åt då dei kom opp att. Margrete var her ei lita stund før ho måtte fare heim att. Ho skal vel henge opp gardinene sine i kveld.
Så vil eg ønske alle blogglesarane ei GOD HELG.
Sundag skal vi på ballettframsyning på kulturhuset her, og sundagen deretter er det konfirmasjonen til Eirik. Olaug sin konfirmasjon er laurdag den 13.mai.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Håper du vert heilt frisk, synest du har "hangla" lenge nok!
Eg er frisk, og hangla berre to-tre dagar, sidan har det vore berre hoste.
Legg inn en kommentar