mandag, april 23, 2012

Vermelding 23.april 2012

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er no + 10 grader C og det har vore ein fin dag med mykje sol.
Før middag var vi ute i hagen og jobba litt, men vi har ikkje all verda å rydde opp i sidan vi rydda så mykje sist haust. Til middag hadde vi restar frå i går, og etter middagen la eg meg ut på altansenga og las. Føler veldig trang til å vere ute etter alt innelivet i vinter.Så får det heller vere at ein ikkje får "gjort" så mykje.
No har vi gått ein tur rundt Storebakken og sett på skogen og på hagane. Vi ser at det er ein god del skogrydding og veding på gang og det trengst. Det var veldig fin vårstemning med kvitveis og fuglesong.
Innfor Fonnavegen er det ei gruppe med ungdommar som skogar og lagar opp ved. Det er jo veldig positivt at dei får vekk mykje av krattskogen.
Las att blåbæra er utrydningstrua i Norge. Kanskje ville det hjelpe om noko av skogen vart borte? 
Då vi kom heim stod påskeliljene og lyste på trappa. Eg kjøpte dei til påske! Og først no blomstrar dei.
I dag kan vi gratulere Bodil med dagen!
Håper du har hatt ei fin feiring.


1 kommentar:

solveig sa...

To av mine krukker med påskeliljer har ikkje begynt å blomstre enno ... Fin stemning i øvste bildet!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...