tirsdag, april 24, 2012

Vermelding 24.april 2012



Klokka er alt 17.30. I dag har det vore overskya ute, og litt regn av og til. Akkurat no er temperaturen +10 grader C.
I dag fekk eg endelig vaska ferdig resten av stova;  første halvdelen tok eg tysdag for ei veke sidan. Men for å få vaska resten var eg avhengig av litt hjelp til flytting av tunge møblar, og då må eg passe på å ta ein fiskefri dag..
Så laga eg blandaball til middag, assistert av Nils, som passa maten mens eg pussa vindu og støvsuga.
Etter ein kopp kaffi var vi klar for ein liten tur til Volda; Nils hadde eit ærend og eg blei med for eg skulle på biblioteket i alle fall. Og så handla vi litt på Coop og på apoteket. Kjøpte ein ny sort hostesaft, for eg blir liksom ikkje kvitt den hosten. 
I morgon er det fullt program, for då er det møte i Pensjonistlaget. Då er det å stille opp på Kulturhuset klokka 12.00 og dekke bord etc. Møtet tek til klokka 16.00, og når eg kjem heim, brukar eg å sette meg til å skrive referat mens eg enno  hugsar kva som har skjedd.
I dag fekk vi vite at der var rosande omtale av Amanda i Volda-avisa MØRE. Vi lånte den hos naboen og fikk scanna artikkelen om Musikkskulekonserten sist laurdag, den som vi ikkje var på. Amanda spela kornett, sjølvsagt, samme melodien som ho spelte i dåpen til Eirik.
No skal eg sette meg til å rippe bøker. Lånte "Englemakersken" til tross for at eg ikkje er så begeistra for Camilla Læckberg, og så ei sånn tjukk "bestseller"-bok, som eg kan ha i bakhand. Slett ikkje sikkert at eg les den.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...