fredag, april 20, 2012

Vermelding 20.april 2012

Klokka er 13.15, temperaturen er+ 16 grader C og sola skin ! Det har vore litt skya før i dag, men no er sola her for fullt.
Nils for ut for å fiske tidlig , og er no komen heim med rikelig sei, ikkje så store, men greie nok. Eg hadde steikt fisk av den førre fangsten, så det blir ikkje "levende pale" i dag. Men fisk blir det. Nils tok heim båten i dag for å vaske den til sommarsesongen. Han skal få ei ny båtplass i hamna, slik at han får plass til båten.
Sidan eg vart åleine heime på føremiddagen, nytta eg høvet til å vaske og rydde diverse kjøkkenskap, elles gikk det no ei stund med til telefonprat med ein av kameratane til Nils.
Når vi om ei lita stund har ete middag, skal eg legge meg ut på solsenga mi, her må ein nytte kvar ein stråle med sol. Nils er ikkje så interessert i å sole seg, for han er stort sett mykje ute.
Eg er snart frisk av forkjølinga, men sidan eg hostar litt voldsomt av og til trur eg det er best å halde seg litt borte frå intim kontakt med andre folk. Kinosjefen opplyser at filmen som eg ikkje fekk sett i går, kjem på ordinær kino komande tysdag.
Då er det berre å ønske alle ei fin helg. No må vi nyte godveret mens det er her.
Seinare:  Dei er komne att dei som  legg fiberkabel, så no skal dei få, dei som ikkje fekk sist haust. Akkurat no driv dei og borar veg til kabelen under gata, slik at dei på oppsida skal få kople seg på. Det blei plutselig litt liv og røre her i gata.Bokstavleg tala.

Sjekk den store dungen med stein som kom til overflata då dei grov grøfta forbi oss.





Og sjå kor fint det blomstrar ovafor huset vårt no. I morgon skal det visst regne, så eg er glad eg har fått vore ute i dag. Somna som ein stein på solsenga etter middag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...