torsdag, april 19, 2012

Vermeldig 19.april 2012



Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 13 grader C, og vi har hatt ein nydelig dag med mykje sol og litt skyer. 
Var såpass bra før middag at eg begynte å vurdere å gå på kino, men så fekk eg ei hostebyge........
Må innrømme at eg hadde gledd meg til akkurat denne filmen, men det kjem vel eit høve seinare.
Fekk vaska til helga i dag, så gjorde eg litt kontorarbeid og litt husarbeid. Laga middag t.d.
Elles laga eg til altansenga mi, så eg fekk ligge ute og lese ei stund. Har opptil fleire pledd, så det er ingen sjanse for at eg frys.
No i kveldinga gikk vi laus på laurbærheggen vår. Det er ein hardfør og lettstelt busk, men no hadde han vakse ut av alle proporsjonar, og mange stammar var nesten av. Nils tok fram saga og tok dei tjukkaste greinene, og så klipte vi litt i tillegg. Fint vart det ikkje i første omgang, men dersom han held fram å vekse som før, blir snittflatene snart skjult.På bilda ser de busken etter klipping, og dungen med avsaga greiner.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Det er trasigt å vere forkjøla. Vi hadde ei stygg forkjøling etter Tyrkiaturen. Håper det går fortare over med deg. Vi hangla i 14 dagar.
Du seier du ser på min blogg kvar dag. Det gjer eg med din og. Og fortel Hans kva ver det er i Ørsta.
God betring!

Besta sa...

Takk for det. Eg er alt mykje betre. Er i grunnen ikkje særlig sjuk, men hostar og nys. Trur eg skal bli fort bra denne gongen.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...