Klokka er 16.00, temperaturen er+ 7 grader C, det regnar og skodda ligg langt nedetter fjellsidene. Fineveret er over for denne gong. Det varer aldri lenge på våre kantar.I dag før middag var vi på shopping. Skulle finne meg litt sommarlege klede til vårens selskap etc. Ikkje så lett å finne noko som høver, men det er vel meg og ikkje kleda det er noko i vegen med. Enda opp med eit skjørt i Volda og ein topp i Ørsta.Då vi kom heim laga eg ein stor porsjon fiskesuppe som vi konsummerte utan problem. Reknar med at eg kjem til å somne tvert om eg legg meg nedpå. Nils har kjøpt botnsmørning til båten, han skal ha den på før han har ut att båten. Elles gror båten til med skjel.Men han må nesten ha opplett mens han har smurninga på.Karane frå Link er her i dag også, dei borar og borar under gata, det tek si tid.
Bandet til Eirik er i Ålesund og skal spele i UKM, Margrete har reist ut for å vere til stades, veit ikkje kor mange av familien ho har med seg. Bandet heiter for øvrig "Lommerosk"- her seier ein rosk i staden for rusk.No skal vi ha oss ei stille stund i heimen, mens maskina tek oppvasken.
lørdag, april 21, 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 27.oktober
Klokka er 17.40, men det er bekmørkt ute, det er vel på grunn av at vi har gått over på "vintertid" at det vert mørkt så tidleg., ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar