Klokka har passert 14.30. Temperaturen ute er + 4 grader C, det er overskya og opplett. I løpet av føremiddagen har det kome både regn og snø ned frå himmelen. Det var ikkje så fristande å gå ut, så vi har halde oss inne. Eg har styrt med diverse husarbeid, men Nils har sett TV for det meste. Kvar si lyst.
I dag laga eg ein ny rett av sei, nemlig bacalao. Nils salta seien natta over, så bacalaoen blei meir enn salt nok. Nils likte retten kjempegodt, eg er litt meir forbeholden, det var liksom ikkje heilt rette smaken; det kan sjølvsagt ha mange grunnar. Idéen fekk eg frå Bodil som hadde prøvd det med godt resultat.
I dag var pensjonistlaget spesielt invitert til Vidar Lønn Arnesen sitt show "Da Capo". Nils har sagt heile tida at han ikkje ville, men eg hadde tenkt å fare åleine. Men når eg eigentlig ikkje har lyst, så let eg det like godt vere. Det er IKKJE ei plikt for meg heller. No skal eg slappe av med ei bok eg fekk av Einar til jul. Den er på MP3 format, så den må lesast på dagtid.
Seinare i dag har eg diverse meir som skal gjerast, merkelig kor mykje husarbeid det kan bli for to menneske? Men eg likar å pusle med noko. Håper alle får tid og høve til halde på med noko dei likar i helga, det er vel det som er vitsen med å ha fri?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2016: 21.september
Viss ein gå ut i enden av altanen og ser langt bortover, kan ein få sjå litt av Ørstafjorden Klokka er no17.50 , temperaturen ute er +10 gra...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Ein får gjere litt av kvart, har eg kome fram til ... Ein får vere litt flink - og så ha vit å kose seg!
Legg inn en kommentar