Bildet er teke frå parkeringsplassen til Amfi for ca eit kvarter sidan, veret er finare no, så det er vel den blå himmelen ytst i fjorden som flyttar seg innover.Det har vore ein del haglbyger i dag, men akkurat no er det opplett. Og vind! Temperaturen er mellom to og tre +-grader- og klokka er 14.15.
Etter at eg hadde vaska golva til helga( skal på møte i morgon f.m.) var vi nedover ein tur. Var innom fleire butikkar, men kjøpte ikkje så mykje. Det er ikkje så mykje vi treng, av mat i alle fall, julelageret varer ei stund.
No virkar både internett og telefon, men litt problem skal det visst alltid vere.
Kort sagt er problemet slik: Den stasjonære maskina nektar å sende ut post, men ho tek imot alt ho får, med unntak av det eg sender frå laptoppen.
Det er sikkert ikkje all verda å fikse det, for dei som kan!
No er ikkje dette noko stort problem i det daglige, men det kan gjere sekretærarbeidet mitt litt infløkt. Eg må sende digitalt det som skal til avisa. Det kan eg gjere frå laptoppen. Men så må eg printe ut same teksten, for å ha den i møteboka, og det er berre den stasjonære maskina som er kopla til printeren. Eg skal innrømme at eg ikkje er nokon teknisk begavelse, så eg vil ikkje begynne å rote med å reparere utan kyndig rettleiing.
No skal eg steike ein pizza som vi kjøpte på Coop i dag. Lenge sidan sist vi hadde slik mat.
Seinare: Har fått telefonhjelp frå Rasmus, så no er dataen fiksa. Feilen var at eg ikkje hadde endra adressa for utsending av post til tussa.com etter omlegginga. g-mailkontoen har virka normalt heile tida.
1 kommentar:
Eg kan dessverre ikkje hjelpe deg med det tekniske ...
Legg inn en kommentar