No har eg lese Hans Olav Lahlum sin andre krimroman. Den første, "Menneskefluene", har eg også lese.
Eg veit ikkje om eg skal kalle bøkene hans gammaldagse eller klassiske. Han skriv i alle fall i ein stil som ligg litt tilbake i tid.
Han har lagt hendinga til 1969, dermed er her verken mobiltelefonar, datamaskiner eller DNA, slikt som spelar stor rolle i moderne krim. Språket er altså slik det var på den tida. Og språket er godt og presist- merkelig då at han kan skrive "rygge bakover" - som han faktisk gjer.
Førstebetjent Kolbjørn "K2" Kristiansen er etterforskaren , og han har også fortejarstemma i boka. Han jobbar åleine med å oppklare morda, men han har ein hemmelig rådgivar i den funksjonshemma professordottera Patricia Borchmann. Ja, det er eigentlig ho som er "hjernen" bak oppklaringa.
Romanen er svært fokusert; ikkje mykje "te og bollar" her. Som i dei gamle krim-romanane er det også her mulig for lesaren å gjette seg fram til mordaren, noko som eg greidde denne gongen. Det er eit puslespel der alle bitar skal på plass, så oppklaringa blir litt langdryg.
Boka er godt skriven, alle trådar blir nøsta opp og alt er greitt. På den måten er det ei god bok. Men sidan her er lite handling, men mest samtalar og indre dialog, synest eg det blir litt kjedelig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 2.mai
Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
1 kommentar:
Har du og begynt å sjekke uttrykket? Eg fann det ikkje i første boka ... Men eg oppdagar at dei fleste forfattarar bruker uttrykket. I ei av krimbøkene eg las, var det brukt ørten gonger.
Legg inn en kommentar