lørdag, oktober 08, 2011

Vermelding 8.oktober - 2011

Klokka har akkurat passert 15.00. Temperaturen ute er+ 10grader C; det er lettskya og strålande sol.Rasmus med familie reiste i dag tidlig, dei skulle ta 10-ferja frå Volda. Minstemann var heldigvis litt betre, men det blir vel ein lang tur både for han og dei andre.Det var var siste gongen den gamle Mondeoen var her i Starevegen, for dei har kjøpt ny bruktbil mens dei var her - på nett. Får håpe dei er heldige med den-ein Subaru Forester.
Det er alltid vemodig når dei reiser igjen, så då er det godt å ha noko å henge fingrane i. Det vart både golvvask, klesvask og støvsuging før huset var i orden igjen. Eg følte meg rimelig pigg, men etter ei kvilestund på sofaen, kjende eg at forkjølinga heng i. No skal eg konsentrere meg om å bli frisk til tysdag -då skal Margrete og eg + andre pensjonistar til Eid og sjå/høyre "Tryllefløyten". Eg har aldri vore på opera før, og ikkje ein gong inn for døra i Operahuset på Eid. Det er jo for så vidt ei skam.No skal Nils ut og sjå etter båten, og eg skal prøve å få lese litt meir i lydboka mi, utan å somne.
Det er vakkert med blå himmel og kvite fjell, men synest eigentlig snøen kunne halde seg litt meir på avstand ei stund til. Tenkjer mest på dei som skal over Hemsedalsfjellet. Dei fekk med seg kjettingar på vona at det skulle bli gale, men midt på dagen tinar vel snøen dersom det er varmegrader.
PS: Fekk melding frå Rasmus kl.15.40-då var dei på Bromma, så då har det no gått radig så langt.
PPS: Dei var heime i K. før klokka halv sju.

3 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt at Rasmus fekk fint reisever trass alt. Sikkert flott over Sognefjorden.

Hildegard sa...

Fint med blå himmel, snødekte fjell og grønn plen på bilda dine.
Det er trist når barn og barnebarn reiser, huskar då Kris og foreldra budde på Ås og var heime i feriar. Elles er vi heldige som har alle rundt oss, sjølv om eit par av bb er vekke på skule.

Bjørg sa...

For eit nydeleg ørstabilete!
Her er og kaldare etterkvart, men snø ser vi ikkje.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...