fredag, oktober 07, 2011

Vermelding 7.oktober - 2011

Klokka er ca 20.00 og vi ventar på Beat for beat. Dagen i dag har også vore regnfull og grå. Alle er meir og mindre forkjøla, låke i halsen etc.Men vi har hatt ein trivelig dag likevel.
Sjølv om ein ikkje er heilt i form og ikkje orkar all verda, er det mulig å samle familien, berre ein gjer det lettvint. Margrete og fam.kom att frå Bergen i går, så vi har ikkje kunna ha samling før i veka. Heile fam.til Margrete kom + og frå Hareid kom Solveig, Audun og Olaug.
Serveringa var enkel:Brennsnut+ kaker frå frysaren. Det var kjekt for gutane her å få selskap av andre ungar.
I morgon må Rasmus og fam.reise heimover igjen, vi er  glade for at dei tok turen hit, det er langt for ungane. Sidan vi er pensjonistar, er det lettare for oss å ta den lange turen. Håper på atdei få rimelig ver over fjellet.

2 kommentarer:

solveig sa...

Takk for ein kjekk dag! Kombinasjonen brennsnut og kaker er god!

arieldog sa...

Takk for oss - einig med Systa om at menyen var særs høveleg :)

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...