torsdag, oktober 06, 2011

Vermelding 6.oktober - 2011

Klokka har passert 18.00. Ute er det regn og grått,slik det har vore det meste av veka.Det regnar og blæs. Temperaturen er + 8 grader C.
Stemninga elles er rimelig laber, sidan dei fleste av oss er meir og mindre sjuke. Berre Rasmus,Nils og Eivind er rimelig oppegåande. Eg vakna i dag tidlig med sår hals og hovudverk, men fungerte nokonlunde til middagen stod på bordet. Etter middag måtte eg rett og slett legge meg. Har ikkje vore forkjøla på nærmare 7 år, så eg får vel tole litt. Men det passar slett ikkje å vere sjuk når ein har besøk, det er noko som alle veit. Ein vil jo helst vere ei god vertinne. Synest likevel det er verst med vesleguten, men han har ikkje feber.
Fekk nettopp melding frå Margrete; dei er på heimveg frå Bergen og var komne til Oppedal. Eirik var ikkje heilt frisk, han heller. Slikt ver som vi har hatt denne sommaren og hausten, er det vel ikkje så rart om det "straffar" seg.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Trasig at de skulle bli sjuke i haustferien, men ungane får smitten i bhg og skule, så ein må berre igjennom det. Når det gjeld veret, får eg referere "Prikken" i Fjordabladet i dag: "Eg var ikkje klar over at Gud var så fornøgd med skaparverket - Vestlandet - at han må vaske det kvar einaste dag".

Besta sa...

Nei, sjukdom kan ein ikkje gardere seg mot. Men eg har altså ikkje vore forkjøla på åresvis...så kunne eg fått vore frisk ei lita stund til. Får håpe eg er frisk på tysdag når vi skal på Operaen. Det blir Margrete som skal vere med meg.

Hildegard sa...

http://www.fjordabladet.no/index.cfm?event=doLink&famID=211951&frontFamID=84279

Les om dramatikk/uhell i operaen onsdag.

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...