lørdag, oktober 15, 2011

Vermelding 15.oktober - 2011

Klokka har passert 13.30, temperaturen er + 13 grader C. Det er overskya, opplett og litt vind. Eigentlig ganske behagelig ver.
Vi har nettopp vore nedover og handla. Var bortom Felleskjøpet og handla vaskepulver m.m. i store pakkar.Innbiller oss at det lønner seg, og så er det greitt å ha i hus. 
På Amfi er der alltid mykje frammande folk om laurdagane, men vi møtte litt kjentfolk også. Og så hadde eg eit par småærend opp i gågata.
Nils fekk lagt kabelen i grøfta i går, og grov att mesteparten. Eg hjelpte til litt og så klipte eg ned nokre visne stauder. Det er mykje som skulle fore gjort ute, før vinteren, men dagane med godver og energi strekk ikkje til. Bildet i dag viser utsikta mot Hovdebygda, frå parkeringsplassen i sentrum. Det blæs for mykje til at Nils vil ut og fiske.
Dette er bilen som Rasmus kjøpte på nettet då han var her i haustferien. Han er veldig nøgd med den, så langt. Bildet er teke med Eivind sin iPod. Sjølv var eg imponert over bilnummeret (skiltet).For dei som ikkje er så trygge på logoar kan eg opplyse om at dette er ein Subaru Forester.

1 kommentar:

Kongsbergtigrane sa...

Dei kunne spart bilnummeret til nokon som trengte det; ikkje til ein som huskar T 14631, TV 29117, UN 10435 .......