onsdag, september 28, 2011

Vermelding 28.september 2011

Klokka er 17.30. Temperaturen er + 16 grader; det er overskya og  hyppige regnbyger. 
Før middag heldt vi oss heime og jobba litt i huset. Blant anna så støvsuga eg grundig på stova. Så var vi ein tur nedover. Eg trengde m.a. litt garn for å få ferdig eit lesteprosjekt, og så mangla vi plutselig ein høvelig stor kasserolle. Trur ikkje det er så mange som har så mange panner som vi, i alle mulige storleikar. Dessutan hatar eg gamle stygge panner, så dei går i bosset. Hårføhnaren svikta her ein dag, så det blei å kjøpe ny. Kjøpte den på Jernia sidan vi var der likevel. Ikkje det at eg driv og føhnar så mykje på håret mitt, men det er greitt å få blåse det litt halvtørt. Synest eigentlig det er kjekt at vi framleis  treng eitt og anna, slik at vi får noko nytt inn i huset.
I dag venta vi Einar til middag klokka 16-han hadde ei pause før han skulle på fotballkamp i Hovdebygda. Han kom, presis som alltid. I dag serverte eg mors heimelaga kjøttkaker i brun saus etc.-slik gammaldags "bestemor-mat" som eg veit at Einar også likar. I morgon blir det restemat- dag for oss gemlisane, og det passar bra etter som vi skal på kino midt på dagen.
Nils begynte å beskjere eine plommetreet i går. I fjor kom vinteren så brått på at ingen ting blei gjort, så i år prøver vi å komme i mål før den første snøen legg seg. Plommetrea har vokse veldig i år, det kjem vel av alt regnet, men plommer var det lite av.
Nils har tenkt seg på fotballkamp om veret ikkje vert for ille, eg skal prøve å få lese ut boka eg har halde på med så alt for lenge.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Heimelaga kjøttkaker er favoritten her også, men dei tre jentene likar å få ein fiskemiddag av og til, helst kokt torsk og steikt laksefilèt. Vi eldre er glade i steikt seibiff m/løk, så lageret minkar. Eg tykkjer også det er kjekt med ei ny panne av og til, men brukar framleis ei 5 l Høyang i aluminium som vi kjøpte då vi gifta oss!

solveig sa...

Einar har fått yndlingsretten sin, forstår eg!
Eg unner meg og nye panner. Det går ut over dei som har flytta heimanfrå...

Besta sa...

Aluminiumspanner bør ein ta vare på om dei ser bra ut, for det er nesten umulig å få tak i nye. Men på Kongsberg kjøpte eg ei stålpanne som dei garanterte at eg kunne koke graut i. Eg hadde mine tvil -men grautkokinga gikk heilt fint. Har sikra meg ei grautpanne i aluminium som eg har her.