onsdag, september 28, 2011

Bok nr. 54: 2011: Flaskepost fra P av Jussi Adler-Olsen

Denne lydboka er på 13 CD-ar, og eg har brukt litt for lang tid på den. Har lese lite om gongen, og lagt den vekk og teke den att litt for ofte. Derfor er det kanskje litt urettferdig både mot boka og forfattaren å påstå at boka er langdryg. Men det synest eg altså, viss eg skal vere heilt ærlig. Det er vel ikkje heilt rett å seie at her er mange parallelle fortellingar heller, men den allvitande forteljaren flyttar omkring i hendingane og let oss sjå alt som hender både hos forbrytaren og politiet og fleire andre involverte. Det kan bli litt mykje av det gode. Når vi kjem til sjangeren "krim" vil eg ha ei fokusert fortelling, utan tusen forklaringar og digresjonar som tek bort spenninga i sjølve handlinga.Eg føler det som eg blir mata med teskei.
Språket er ganske artig somme tider, med mange bilde og metaforar, og ein innvandrar som opererer som assistent for politiet, seier mykje rart- og klokt. Han blir heldigvis ikkje framstilt som uintelligent, snarare tvert imot, han har berre litt problem med språket.
Opplesaren les godt. Han fell ikkje for freistinga å "spele" for mykje. Eg har ikkje lese om boka på nettet, men eg har høyrt om forfattaren, og hadde store forventningar. Det er ikkkje alltid lurt.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har lese dei to første i papirutgåve og likte den første spesielt godt, ikkje minst p.g.a. denne Assan (?) som er litt mystisk også.

Besta sa...

Trur det er ein fordel å lese den første først, for å seie det slik, slik at ein er litt kjend med personane.I alle fall hadde det vore einfordel å lese boka på kortare tid, det er det alltid. Særlig med krim.No trur eg at eg skal lese Jan Mehlum. Fort og greitt?

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...