tirsdag, september 27, 2011

Vermelding 27.september 2011

Klokka er ca 15.00, temperaturen er + 13grader C, det er skya og opplett pluss litt vind. Ikkje reint gale ver altså.. Vi har nettopp ete middag. I dag vart det steikt makrell av den som Nils fiska frå land sundags kvelden. Det var godt denne gongen også, men no trur eg vi har ete nok makrell for i år.
Føremiddagen har Nils brukt til å frakte utrangerte elektriske kvitevarer m.m. bort på VØR. Det var vaskemaskin og tørketrommel frå kjellarleilegheita mellom anna. Han hadde diverse styr i garasjen som gikk same vegen. Godt å få det vekk.
Eg har laga diverse mat i dag også. Lagar ofte fleire porsjonar i gongen, så har ein lettvinte dagar då ein berre fiskar opp frå frysaren. 
Dessutan fekk eg farga håret mitt , kan ikkje springe til frisøren støtt heller.
Annonsen til Seniorkino stod ikkje i avisa i dag, så eg måtte kontakte kinosjefen for å høyre om det var endringar i programmet. Skal innrømme at eg vart litt stressa.Men det var ein glipp frå hans side. Det blir kino på dagtid komande torsdag kl.12.30, og annonsen kjem i avisa same dag. Eg driv stadig og reklamerer for dette tilbodet.Det har de kanskje oppdaga?
No er det like før sola kjem fram. Eg har ei kjensle av at vi får ein fantastisk haustferie i år.
Om våren er vi ivrige å sjå etter teikn på at den varme årstida er i kjømda.Haustteikna er vi ikkje så glade for. Som de ser på bildet, har skogen og fjellet skifta farge, men blomkarsane har enno ikkje frose. 
Enda eit haustteikn dukka opp i posten i dag: Innkalling til tannlege!

3 kommentarer:

Bjørg sa...

Skikkeleg fint det blomkarsebeddet!
Her har vore fint ver i dag og skal visst bli det framover nokre dagar.
I dag har eg kjøpt ny mobiltelefon og har fått mykje hjelp av barnebarna. Det er bra. Utruleg alt dei kan brukast til desse små apparata!

solveig sa...

Flotte blomkarsar. Håper dei får leve nokre veker til!

Besta sa...

Ja, Bjørg, dette med mobil er det barnebarna som kan. Eg kjøpte meg ny i vår ein gong, men brukar den stort sett berre til å ringe og sende meldingar. Når eg er heime brukar eg datamaskina til det meste. Blomkarsebeddet plar så seg sjølv, så det er lettvint. Men sist vår var det så lite fart i spiringa at eg måtte kjøpe nye frø. Derfor vart det sein blomstring. Dei står nok til vi får første frostnatta.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...