søndag, september 18, 2011

Vermelding 18.september 2011

Klokka har alt passert halv åtte. Sola skin framleis på fjelltoppane, og vi har hatt ein nydelig dag.No er temperaturen+14 grader.
Starta dagen med matlaging, det vart to porsjonar med fiskebollar, som eg laga på foodprsessoren, og så laga eg klart det vi skulle ha attåt kveitemiddagen i dag - og diverse anna.
Deretter køyrde vi ut til Per Mek på Setre og gikk tur på det vi kallar Gamlevegen, men som eigentlig heiter Hagevegen. Eg kjende at eg ikkje var heilt god i hofte og rygg så vi gjekk ikkje så langt før vi snudde. Det vart til at Nils jogga i førevegen og henta bilen.Etter ein kvil i bilen, ver eg nesten heilt bra, men trur kanskje eg må til Volda og få ei sprøyte snart. Det er nesten eit halvår sidan sist !
På ei lita avkøyrsle attmed vegen stod ein benk, der vi sat både lenge og vel og såg utover sjøen. Ingen stad tek sola så godt som her ute på stranda. Der gjekk ei merr med eit stor føl i innhengninga, og så kom dei to som skulle sleppe ein ponny inn til dei. Det vart tilløp til dramatikk. Men dama var tydeligvis ikkje skvetten.
Etter kveitemiddagen la vi oss ut på altanen, eg låg med lydbok på øyret, men somna innimellom.
Så fekk vi ei stor spann med tyttebær av nokre naboar, som eg finrensa, og fekk dermed høyrt ganske mykje av boka mi. I morgon ventar vi Margrete og ungane til middag. Dessutan skal vi på eit lite møte klokka 13.00.Eg synest dagane og vekene går som ein røyk.
Melshornet frå ein litt annan vinkel.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

I dag har det nok vore finare ver hos dokke i Ørsta. Her har det regna heile dagen, og vi har vore innadørs. Dei seier det er ikkje vanleg med så mykje regn her som det vi har hatt dei siste vekene.
Kjekt å sjå bilete frå Ørsta, så bra å ha bloggen din!

Besta sa...

No har vi hatt nokre nydelige dagar, og vi må berre nyte dagane mens vi har dei.Håper at de elles har det bra.

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...