tirsdag, september 13, 2011

Vermelding 13.september 2011

Klokka har passert halv sju, og snart går denne dagen også over i historia. Ute er det grått, nesten mørkt, og regnet silar ned. Ikkje kjekt!
Dessutan er eg ikkje glad for valresultatet i Ørsta; eg ønska meg raud-grønt fleirtal, ikkje blått. Høgre vart den store vinnaren og fekk ordføraren. At det kom til å gå skeis med SV var eg budd på, at Ap ikkje gjorde det betre, var skuffande. Men det blir spennande å sjå korleis det går når dei begynner å leite etter pengar i ei botnskrapa kasse.
Nils var ein tur ut og såg etter båten i dag f.m. så eg fekk unna litt husarbeid imens. Strauk klede t.d. Så var vi ein tur nedover og handla litt, og innom kasseraren i pensjonistlaget eit ærend. I morgon er det møte, og då skal alt vere klart.
Til middag vart det fiskekaker frå frysaren. Lettvint! Og no har eg nettopp sett gulrotkake nr.2 inn i steikomnen. Det er samme sølet anten ein lagar ei eller to. Så skal dei i frysaren. Glasuren lagar eg seinare ein dag.
Elles så strikkar eg innimellom, eller jobbar på data med diverse "sekretærarbeid", som eg likar å kalle det. 
Å ta bilde frå altanen i dag er ingen vits, Melshornet i regn og skodde er eit kjent motiv. Skal tru om det likevel blir fint i morgon, sidan det er onsdag meiner eg?

1 kommentar:

arieldog sa...

Varselet er regn onsdag og torsdag, men opplett og fare for sol i helga. Ingenting er kjekkare enn at finevêret kjem når dei fleste har fri!

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...