lørdag, august 06, 2011

Vermelding 6.august 2011



Klokka er 20.00, og temperaturen er begynt å gå nedover sidan sola er borte her vi bur. Elles har det vore ca +25 grader og lettskya i dag. Til tross for ein liten bris har vi vore meir enn varme nok, det er som om gradene er varmare her enn heime. Eg har site mykje ute, passa Ingar innimellom, trilla ein liten tur osv. Rasmus og Nils har jobba med ei fururot i timesvis utan å få den opp. Og det til tross for gode råd frå naboar og andre forbipasserande. Wenche har vore på butikken og handla og ho har laga mat. I dag vart det grilling på uteplassen som vi var med og laga for mange år sidan, men aldri har fått prøvd før.Av den grunn at det ikkje har vore høvelig ver når vi har vore her. Dei store gutane har hatt besøk av kameratar og styrt seg sjølv både ute og inne.No sit eg oppå rommet "mitt" og skriv, men må ned og sjekke om Rasmus har laga kaffi. God helg til alle! Og takk til Marit som matar Advokatten.

4 kommentarer:

solveig sa...

Her letta skodda, men sola kom berre fram nokre minutt. Men temperaturen er bra. Og så regna det litt om kvelden. Skvåsjen veks i slikt ver.

Bjørg sa...

Vi blir i Larvik eit par veker framover no. Skal i 70-åsdag på Rovde 28. aug., så då blir det ny sunnmørstur. Kanskje kjem de innom her?

Bjørg sa...

Adressen er Rekkevikløkka 22A 3260 Larvik. Det er i Østre Halsen.

Besta sa...

Hadde vore kjekt å besøke dokke, men veit ingen ting om kva vi finn på enno.Fint at du sende adressa ui alle fall-kan aldri vite kva vi finn på.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...