søndag, august 28, 2011

Vermelding 28.august - 2011

Klokka har passert halv sju, og no skin sola.Berre lette skyer på himmelen.Temperaturen er ca +17 grader C.
Heile føremiddagen var det kolsvart, så ingen av oss hadde lyst på "søndagstur" i styrtregnet. Det vart til at vi fekk gjort unna litt innearbeid. Eg rydda skuffer og skap på badet, og vi koka stikkelsbærsylte av bær som vi hadde i frysaren både frå i fjor og frå i år. Til middag hadde vi kokt lange, fleire dagar sidan vi hadde fisk, så vi var i ferd med å få abstinens.
Etter at vi hadde drukke kaffi, festa eg trådar på 5 lestepar.Julelageret mitt veks. Nils for ut for å fiske makrell, og eg plukka sukkererter som eg rensa og fraus. Det er ikkje så farlig om vi ikkje finn på så mykje om sundagane, det er kjekkare å ta turar på kvardagar når butikkar etc. er opne. Det er eit privilegium som vi pensjonistane har-vi bestemmer stort sett over vår eiga tid.
 Vi veit ikkje kva dag vi får att bilen, men eg skal i alle fall vere med utover og hente den. I morgon har eg avtalt kafébesøk med ei veninne.
Eidarane har vore på Kongsberg og henta hest denne helga, er spent på korleis dei har hatt det. Håper det kjem blogginnlegg med bilde.
Nils kom att med ein heil balje med makrell i alle storleikar, nok til både kokt, steikt og til agn. I kveld skal eg koke opp i ei panne som vi skal ha kald i morgon.Det er ein av livrettane mine, med rømme og agurksalat. Skal koke til Peder også, det går for det samme. Alle naboar som har lyst på, får makrell i kveld.

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi kom oss ut og plukka bær då det letta. Elles har vi berre gjort småtteri i huset. Kanskje du skal stikke innom og sjå matboda "etter" når de har vore på bytur? Fire nye hyller og orden...

Besta sa...

Tvilar ikkje. Veit ikkje om eg vil invitere til innsyn i VÅR matbod. Der er det nemlig alt mulig, berre ikkje mat.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...