Dei to første bilda er frå barnedåpen til Solveig.Det var mormor Amanda som bar henne til dåpen i Nord-Vågsøy kyrkje på Raudeberg .
Så kjem eit bilde av Solveig og Rasmus på Eid, truleg i 1966.
Og så eit av alle tre på Melle 1968.
Det har vore ein lang fødselsdags-sesong i storfamilien, og sist ut for denne gong er Solveig, som fyller år i dag. Kunne mimra mykje om den føstefødde i familien. Vårt første barn, mamma sitt første barnebarn og besta og bestemor sitt første oldebarn. Kort sagt den første i ein ny generasjon i mi slekt.
Men ho fekk ikkje vere åleine så lenge, for året etter kom broren til verda, og Solveig vart "storesyste", og det har ho vore sidan. Den mest fornuftige i heile familien, den som gikk og la seg i skikkelig tid om kvelden, den som gjorde leksene sine, den som åt sunn mat osb osb. I tillegg til å passe på seg sjølv frå ho var ganske lita, heldt ho også overoppsyn med dei andre to, og var til å lite på - 100 %.
Ho har i grunnen ikkje forandra seg så mykje. Ho er den same pliktoppfyllande, pålitelige " jenta" som ho alltid har vore. Ei prektig husmor som bakar og kokar til ein stor familie i tillegg til å ha full jobb. Ja, slik kunne eg halde på i det uendelige. Den mest "uskikkelige " sida hennar er kanskje den at ho elskar skikkelig groteske krim-bøker, til verre dess betre. Så eitt lite rampete gen har ho nok, og det er bra!
I dag steller ho sjølv i stand selskap for familien, og vi gler oss.
Gratulerer med dagen, Solveig!
3 kommentarer:
Molbuane gratulerer også !
Takk alle saman!
Kjekt med nostalgiske bilder. Har gløymt det med besta Amanda og Solveig. Eit fint bilde.
God vek.
Legg inn en kommentar