søndag, juli 03, 2011

Gratulerer med dagen, Solveig !



 
Dei to første bilda er frå barnedåpen til Solveig.Det var mormor Amanda som bar henne til dåpen i Nord-Vågsøy kyrkje på Raudeberg .
Så kjem eit bilde av Solveig og Rasmus på Eid, truleg i 1966.
Og så eit av alle tre på Melle 1968.

Det har vore ein lang fødselsdags-sesong i storfamilien, og sist ut for denne gong er Solveig, som fyller år i dag. Kunne mimra mykje om den føstefødde i familien. Vårt første barn, mamma sitt første barnebarn og besta og bestemor sitt første oldebarn. Kort sagt den første i ein ny generasjon i mi slekt. 
Men ho fekk ikkje vere åleine så lenge, for året etter kom broren til verda, og Solveig vart "storesyste", og det har ho vore sidan. Den mest fornuftige i heile familien, den som gikk og la seg i skikkelig tid om kvelden, den som gjorde leksene sine, den som åt sunn mat  osb osb. I tillegg til å passe på seg sjølv frå ho var ganske lita, heldt ho også overoppsyn med dei andre to, og var til å lite på - 100 %.
Ho har i grunnen ikkje forandra seg så mykje. Ho er den same pliktoppfyllande, pålitelige " jenta" som ho alltid har vore. Ei prektig husmor som bakar og kokar til ein stor familie i tillegg til å ha full jobb. Ja, slik kunne eg halde på i det uendelige. Den mest "uskikkelige " sida hennar er kanskje den at ho elskar skikkelig groteske krim-bøker, til verre dess betre. Så eitt lite rampete gen har ho nok, og det er bra!
I dag steller ho sjølv i stand selskap for familien, og vi gler oss.
Gratulerer med dagen, Solveig!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Molbuane gratulerer også !

solveig sa...

Takk alle saman!

Hildegard sa...

Kjekt med nostalgiske bilder. Har gløymt det med besta Amanda og Solveig. Eit fint bilde.
God vek.

Dagbok 2026 18. juni

Klokka er no ca 19.30  , temperaturen ute er +14 grader C , det er skya og ikkje sol. Og eg er heilt "ute av tida". I går kveld fe...