Klokka er snart halv åtte. Temperaturen er + 20 grader og det har vore fint, lettskya ver i heile dag. Ikkje den heilt klåre sola eller den store varmen, men mykje betre enn veret vi har hatt før i veka.Eg valde å halde meg heime i dag, hadde tenkt å få gjort mykje både ute og inne, men det var eit eller anna som ikkje funka.Har hausta all rabarbraen, rensa og frose , og koka rabarbradessert. Så har det vore klesvask og middag, soling med lydbok og strikking. Strikkinga er eit hasteprosjekt som skulle vere ferdig i løpet av dagen/ kvelden, og no er eg i mål. Nils finn stadig fotballkampar på TV, så eg slepp å sjå fyrstebryllaup. Kunne sett det på data viss eg absolutt ville. Det er no ikkje for seint heller. Har kome litt bort frå alt det "kongelige" etter at eg slutta å kjøpe ukeblad. No er eg sjeldan på venterom også, før fekk eg med meg litt der. Skal ta med ein liten razzia og rydde opp i huset, så får ugraset heller få fred eit par dagar til.
Rasmus har flytta på seg nede i Danmark, dei er no i Ebeltoft, eg meiner det er Molbo-byen?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026.: 15.august
Klokka er no 20.14, temperaturen ute er +13 grader C, og det regnar meir og mindre, slik det har gjort i heile dag. I dagmorgon var det oppl...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar