fredag, juli 01, 2011

Vermelding - 1.juli 2011

Klokka er no 15.00. Temperaturen er + 15 grader C - det er overskya og opplett. Litt lettare no enn då vi stod opp i dag.
Dette har vore enda ein lapredag.Før middag sat eg og skreiv mailar, vaska håret og så hadde vi eit ærend eller to i Vik. For å få litt mosjon, trakka eg ut og inn gågata. På på heimvegen køyrde vi ein tur fram i Nupen-lenge sidan sist eg var der. Tenkte eg skulle gå ned til elva, der eg brukte å bade Nadja i gamle dagar, med der var vått og skite, og stien var nesten attgrodd.
Vel heime sette eg i gang å lage middag. I dag vart det steikt kveite, mest bukstykke, det passa når vi var berre "oss sjølve". Det var uforskamma godt, om eg skal seie det sjølv.Vi hadde poteter, broccoli og remulade til-og litt sitronskiver. Vi har enda meir kveite i frysaren.
No kviler Nils middag, men eg har tenkt å sitte og strikke litt mens eg høyrer lydbok.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle GOD HELG. Sundag skal vi til Hareid, det er Solveig sin fødselsdag, og den skal feirast. Då blir det pause med fødselsdagar her i familien til oktober-november.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ja, dagane går utan at noko særleg blir gjort. Kristine overnattar her mens dei målar loftsstova heime, allergisk mot målarlukt. Ho og Besten har hatt seg eit par dagar i båten utanfor moloen,fått litt småfisk. Må ha båten på land før det blir turar ut fjorden.
God helg til deg og gemalen.

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...