fredag, juli 01, 2011

Bok nr. 38 - 2011: Middagen.

 Viss de synest at eg les mange bøker for tida, så er det heilt rett. Grunnane er mange. Først og fremst har eg råka bort i mange korte bøker, så har eg vore i stand til å sitte og strikke mens eg lyttar, og så er det mykje fotball på TV, så då sit eg heller på "rommet mitt" og les.
Denne boka kjende eg ikkje til frå før, så eg gjorde noko eg sjeldan gjer, eg googla den litt på data før eg las. Det var ulike meiningar om den, men no har eg lese og gjort opp mi meining om boka.Det er forresten noko så sjeldan som ei hollandsk bok, utan at det har så mykje å seie for innhaldet.
Handlinga er kort fortalt denne: To brør, Serge og Paul, og konene deira har avtalt å møtast på ein fin restaurant, ete god mat og prate om borna sine.Serge er ein kjend mann i landet, han står på spranget til å bli vald til statsminister ved neste val. Det er Paul som har forteljestemma gjennom heile boka. Litt etter litt får vi vite at sønene deira har rota seg bort i ei kriminell handling, og dei kan bli avslørt - eller ikkje. Alle fire foreldra har sine meiningar om kva dei bør gjere, og kva konsekvensar det kan få for gutane og for dei sjølve. Det blir altså stilt mange etiske og moralske spørsmål i teksten. Forfattaren kjem også inn på spørsmålet om arv og miljø, og om "forbrytelse og straff". Og ikkje minst:Kor langt er foreldre villige til å gå for å "hjelpe" barna sine ? Ikkje noko av dette er nye spørsmål i litteraturen, likevel er denne boka annleis enn det meste eg har lese før. Og sidan eg er svak for nye innfallsmetodar og også oppteken av etiske spørsmål, likte eg denne boka. Opplesaren var heilt grei og boka er lettlesen. 7 CD-ar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...