torsdag, juni 30, 2011

Utan særlig mål og meining.



Sidan det var nokså bra ver i dag, men ikkje alt for fint, fekk eg lyst å reke litt. Vi var først til Volda, der eg tenkte å sjå etter garn på den nye butikken som eg hadde lese om i avisa. Men den var ikkje opna. På Nettstrikk var det dårlig utval, så eg kjøpte ikkje noko. Så var vi ein tur innom Spinneriet, der eg fann ei tynn og sommarleg joggebukse til ein rimelig pris. Då var vi alt begynt å bli svoltne, så vi fann ut at vi ville ete tyrkisk i Ørsta. Men først var eg innom garnbutikken og kjøpte litt til å strikke lestar av. Etter at vi hadde ete ein god kebabrett, hadde eg mest av alt lyst å gå på "Fru Svendsen" og drikke kaffi-men det er no grenser for å vere lettsindig. 
I staden gikk vi inn på "Stil og stemning" i gågata. "Til bords" er flytta inn i samme lokalet, så det var mykje kjekt å sjå på der. Og det beste av alt: Gratis kaffi og marsipankake i samband med opninga! Kjøpte berre noko lite, for skams skuld.Men trefte ei dame som vi vart ståande og prate med lenge. 
Tok mange bilde inne i butikken, men etter dei to-tre første, vart bilda gule, noko som ofte skjer når eg fotograferer med blitz inne. Eg treng ikkje så mykje pynt og stas, men synest det er artig å sjå kva som er trenden. 
Sjekk bildet øvst og legg merke til kor blank fjorden er i dag. Vi lurte på om det kom av alt ferskvatnet.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg var innom Stil og stemning då eg var i Ørsta på sensur. Der var noko for einkvar smak.

Besta sa...

Kjekt å få att "Til bords" også, den kjeda var på Ørsta torg før, men la ned. På " Stil og stemning" har dei lekre lampar også, men dessverre er det ikkje mykje som passar inn her. Vi får vel ha det som vi har det.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...