Vi har vore på Hareid det meste av dagen, og der var skodda enda tjukkare og våtare, så vi skal vel ikkje klage.
Vi har hatt ein kjekk dag i lag med barn og barnebarn. Solveig hadde laga mykje god mat, som vanlig, så vi reiste ikkje akkurat svoltne derifrå. Og vi hadde som vanlig mykje å prate om. Takk for ein fin dag, Solveig og fam.Både Solveig og Margrete har skrive på bloggen, så eg tek det kort.
Håkon vart med oss heim, han skal vere med Nils og fiske, så eg håper det ikkje blir vind. Meininga er å sette liner og håpe på lange og kveite. Sei er god fisk, men det er kjekt med litt byte i kosten også.
På TV går det i fotball døgnet rundt, har eg inntrykk av. Så eg får finne på noko anna å styre med.
Og håpe på godt fiskever i dagane framover.
1 kommentar:
Det er vel alltids fint ver til noko. Eg skal plante i morgon!
Legg inn en kommentar