torsdag, juni 09, 2011

Vermelding 9.juni - 2011

Klokka er14.30. Temperaturen er + 15 grader C - det er skodde og regn. Ikkje mykje å ta bilde av.
Mesteparten av føremiddagen gikk med til å få stelt håret mitt, har venta med frisørbesøket i von om betre ver, men no kunne eg rett og slett ikkje vente lenger.Etterpå måtte vi ein snartur nedom Amfi, berre for å komme litt "ut blant folk".
No har vi ete middag. Menyen i dag var kald, kokt makrell med rømme og agurksalat. Det er slik mat som vi gamle likar. No skal eg slange meg litt på daybeden og lese siste resten av boka om maleren fra Shanghai.
I går blei eg gjort merksampå at seniorkinoen kolliderte med Spaserstokken, men så fekk vi flytta kinoen fram til tysdag den 14.juni. Eg ivrar veldig for at folk skal kome på Seniorkino, såpass vi ikkje misser tilbodet.Alle, unge og gamle, er velkomne. Annonsen kjem i laurdagsavisa.

3 kommentarer:

bodilingeborg sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Sorry, bomma litt på forrige kommentar. Kjekt tilbod med seniorkino, trur ikkje vi har fast tilbod på det her i Eid. Av-og-på-ver for tida, godt å ha innandørs-aktivitetar i dette veret. Kan bli bra laurdag og måndag iflg yr.no.

Besta sa...

Seniorkino i juni er ikkje det heilt store, men på hausten og vinteren kan det vere kjekt å komme seg ut på noko på dagtid. Det er noko dei har fleire stader i landet, men det er veldig vanskelig for folk å definere seg sjølv som "seniorar"-alle føler at dei er for unge.

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...