Klokka er 17.15. Temperaturen er 14 grader C, og det er skodde og regn. Det er rett nok litt opplett mellom bygene. Det er sikkert tusen ting eg kunne ha gjort, men eg blir heilt sløv i dette veret.
Vi var ein liten tur nedover f.m., for eg måtte på biblio før helga og i morgon er der stengt. Var sjølvsagt innom Coop også, mat er visst noko vi alltid treng.Vi har eit bra matlager, men det er alltid noko lite vi manglar. Til middag i dag laga eg steikt lyr, og vi åt opp kvart eit grann. Laga ein saus frå pakke, der eg berre skulle tilsette vatn, og den var god. Knorr: Sitron og kvitvin (Lemon & white wine). Det finst mange gode sausar i pakke, men ofte skal det settast til både smør og fløyte, men her var det altså berre vatn.
No skal Nils ut og drage opp båten og skrape den. Den blir så full av "skjegg" når den ligg lenge i hamna, for der er det så stilt.
De må kike innom bloggen til Ørsta pensjonistlag. Vi har ein tur til Runde torsdag i neste veke, og der er det plass til fleire.Vi skal sjå oss om på det nye miljøsenteret blant anna. Ein treng ikkje å vere verken medlem eller pensjonist for å vere med.Så vil eg ønske alle ei god pinse. Vi har ingen spesielle planar, det er veret som bestemmer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar