onsdag, juni 08, 2011

Bok nr. 32 - 2011: Maleren fra Shanghai.

Grunnen til at denne boka vart med heim frå biblioteket, var at den var frå Kina, og eg har alltid likt å lese bøker frå dette eksotiske landet.
Det eg ikkje var klar over før eg høyrde etterordet i boka og deretter slo opp på nettet, er at dette er "based on a true story", at personane i boka vekelig har levd. Det gjer at eg no sit att med ei kjensle av å ha lese boka på feil premissar.
Romanen skildrar livshistoria til den kinesiske målaren Pan Yuliang (1899-1977.) Ho vart som barn seld til ein bordell, eit blomsterhus, for å dekke opiumsgjelden til onkelen.Ho vart seinare kjøpt fri av ein embetsmann som tok seg av henne og let henne få utvikle talentet sitt for teikning og måling.
I bakgrunnen får vi innblikk i den politiske utviklinga i Kina i første halvdel av 1900-talet.
Sjølve historia i boka er interessant nok, men eg skal innrømme at eg etter ei plate eller to var frista til å legge frå meg heile greia. "Dette er verre enn Samartin", tenkte eg. Språket er ikkje bra, platt og fullt av banale bilde og med alt for mange ord. Berre når forfattaren skriv om malarkunst blir det interessant, og boka blir faktisk betre etter kvart.
Opplesaren les for fort og med for lite innleving, det dreg også ned. Enkelt sagt: Som biografi er boka lesverdig, som roman er den ikkje SÅ bra. Eg må legge til at dette er mi høgst private meining. Les gjerne andre bokmeldingar på nettet.
Ikkje uventa for meg er det ein tidlegare journalist som har skrive denne "bestselleren".

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...