onsdag, juni 08, 2011

Vermelding 8.juni - 2011


Klokka er 15.30. Temperaturen er+ 18 grader og det er overskya. Vi har hatt ein del sol før i dag, såpass at vi fekk sove middag på altanen i god temperatur. No er Nils i gang med å male opp greiner som vi kutta på mandag, då måtte vi rømme inn på grunn av regn.
I dag har eg støvsuga og gjort ein del kontorarbeid, mens Nils koka ertersuppe.(Den blei god som alltid).
Vi måtte ein snartur nedover, blant anna var eg innom Møre-Nytt. Avisa kjem ikkje ut tysdag neste veke, så vi må ha annonsen om Seniorkino inn i laurdagsnummeret. Omtalen min må stå i samme avisa.Håper det blir overskya onsdag den 15. slik at vi får publikum til framsyninga "vår" av Saras nøkkel. Den går på ordinær kino også for tida.
Hassan og Nils skal ut og fiske klokka 6. Hassan likar veldig godt makrell, men det er begrensa kor ofte vi kan ete det.I dag har Nils prøvd å grave makrell, det har han ikkje gjort før, men han har laga gravlaks, og det er om lag det same. Det er viktig å fryse all fisk som skal etast "rå".No skal eg ha meg ein tur ut og sjekke om eg kan gjere noko fornuftig i hagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 28.mars

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +4grader , og det  er overskya og litt regn. Idag har det vore ein litt spesiell dag fordi eg fylte ...