torsdag, juni 02, 2011

Vermelding 2.juni - 2011

Klokka er 13.30, det er overskya, opplett og + 13 grader C.
No har vi nettopp hatt oss kaffi og nysteikte,grove rundstykke; middag skal vi ha seinare.
Nils har brukt mesteparten av føremiddagen i garasjen, der han har styrt med fisk.Kveitene kom på vekta i går kveld, dei var 5 kg og 12 kg, utan hovud og innmat, så det blir nokre måltid. Hysa + noko av seien skal eg lage fiskebollar av.
Mens han styrte med fisk ute, var eg inne og baka brød og rundstykke, så matlageret aukar. Vi har kjøpt brød nokre gongar, men ikkje er det ferskt og ikkje er det godt heller, og slett ikkje så grovt som eg vil ha det. No har eg laga meg ein porsjon med Ingers.
Innimellom har eg skrive avisinnlegg om Seniorkinoen den 15.juni. Greitt alt som eg gjort. Håper det kjem mykje folk, så vi ikkje misser tilbodet. Filmen som vi skal sjå denne gongen er "Saras nøkkel". Reknar med at mange har lese boka. Både gamle og unge er like velkomne. Skilnaden på vanlig filmframsyning og Senior- er lydstyrken, og det at framsyninga er på dagtid.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...