onsdag, juni 01, 2011

Vermelding 1.juni - 2011


Klokka er  snart 12, den fine sola som var framme i dag morgon er nesten borte, og det har skya over. Temperaturen er +15 grader.
Nils var oppe i gryotta i dag og for ut for å drage liner.Eg stod også tidlig opp og var ferdig med både rydding og støvsuging då han kom heim  klokka 9.30. Vi kan seie at vi fekk ein flying start på denne dagen.Det er ikkje heilt vanlig.
Fangsten i dag var bra, to fine kveiter, den største ca 15 kilo,+ ei fin hyse, nokre seiar og ein veldig liten hai. Nils har seg ei pause no, men vi må i alle fall ha ei runde på butikken i dag, og så får vi sjå kva som elles dukkar opp.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Vi kjem gjerne på besøk for å smake på dei kveitene... :)

Besta sa...

Trudde ikkje dokke likte slikt? Steikt eller kokt?

Hildegard sa...

Gratulerer med fangsten! Når ein ser prisen i butikkane på kveite, er det ikkje kvardagsmat for folk flest. Steikt kveite m/tilbehør er berre herleg.

arieldog sa...

Steikt eller kokt, ja :-) Kanskje helst steikt, når eg tenkjer meg om...

solveig sa...

Litt av ein fanngst!

Besta sa...

Det paradoksale er at eg sjølv ikkje er spesielt begeistra for kveite....

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...