tirsdag, mai 31, 2011

Vermelding 31. mai - 2011

Klokka er13.30. Temperaturen er +13 grader og det er overskya opphaldsver.Med andre ord godt arbeidsver.
Nils har vore oppteken med å lage til beddet på muren. Han har utvida det litt oppover og sett nedi ei trefjøl i staden for plastkanten som var der før.I fellesskap har vi rydda og luka, hatt utover mold og planta.Dette er berre første steg i planen. No skal vi sjå om rosene overlever og om dei er anten raude eller rosa, for min langsiktige plan er at dette beddet berre skal innehalde rosa, raudt og blått i ulike nyansar. Så det gule og orange skal flyttast til ein annan stad. Sommarblomstrane vi kjøpte i går vart planta, så det ikkje skal sjå så tomt ut.
Før eg gikk ut vaska og rydda eg inne, kom på at helga tek til torsdag denne veka.
Elles må eg vere litt forsiktig med kva eg gjer, har hatt eit relativt høgt aktivitetsnivå i det siste, og det straffar seg når natta kjem.Dvs. det er vel ikkje berre aktivitetsnivået som er for høgt, men det faktum at det har blitt for mykje sitting, både i bilen og elles.No skal eg lage middag, i dag blir det fiskekaker frå frysaren.Etter middag skal Nils egne liner, for det ser ut som om det kan bli fiskever.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Mykje arbeid å få til eit fint bed. Dette blir nok bra! Godt du minner om Helgetorsdag, det har gått meg hus forbi!
Bodil

solveig sa...

Det vert fin utsikt frå kjøkenvindauget!

Besta sa...

Bilen står som oftast i vegen for utsikta. Håper det skal bli bra med tid og stunder.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...