Dette er også ei slik bok som eg tok med heim fordi eg ikkje fann noko anna den dagen. Den er på berre 7 CD-ar, og det er like greitt. Forfattaren skriv om si eiga barne-og ungdomstid i mellomkrigsrtida i Los Angeles, og det er inga solskinnshistorie. Guten har det vondt både heime og på skulen, og han blir bitter.
Det er på mange måtar vondt å lese om barn som er ulykkelige, men i motsetnad til Knausgård kallar han ikkje på så mykje sympati. Han blir rett ut sagt usympatisk. De kan forstørre og lese det som står på omslaget. Eg synest boka var bra, for så vidt, men det blei for negativt for meg. At hovudpersonen seinare vart ein kjend forfattar er sjølvsagt positivt, men eg har ikkje lese noko han har skrive.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar